Historisk arkiv

Ronny Brede Aase får KKD sin nynorskpris for journalistar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

22 år gamle Ronny Brede Aase i NRK P3 får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2009. – Som nynorskbrukande platepratar i P3 når han ungdom når språklege haldningar vert forma og vala tekne. Han kan vere eit føredøme for andre dialekt- og nynorskbrukarar, seier juryen.

-Sprek og særeigen språksjonglør

22 år gamle Ronny Brede Aase i NRK P3 får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2009.

-Eg er stolt av språket mitt, seier Ronny Brede Aase frå NRK P3. (Foto: Nadia Frantsen)

Bilde: -Eg er stolt av språket mitt, seier Ronny Brede Aase frå NRK P3. (Foto: Nadia Frantsen)

–Som nynorskbrukande platepratar i P3 når han ungdom når språklege haldningar vert forma og vala tekne. Han kan vere eit føredøme for andre dialekt- og nynorskbrukarar, seier juryen. 

- Eg vart glad, stolt og overraska - eg visste jo ikkje at eg var nominert ein gong, seier prisvinnaren.

Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk.

Stolt nynorskbrukar
Juryen grunngjev valet av Brede Aase med at ”hans naturlege og trygge bruk av nynorsk/dialekt på lufta kan vere eit føredøme for andre dialekt- og nynorskbrukarar og auke toleransen og forståinga for nynorsk hjå dei som har det som sidemål. Ronny Brede Aase tykkjest å vere ein stolt nynorskbrukar som gjerne brukar særtrekka i språket sitt, og omset til nynorsk på direkten når han får inn SMS’ar og anna på bokmål”.

-Han er ein sprek og særeigen språksjonglør. Berre arbeidsoppgåvene til Brede Aase tilseier at han brukar nynorsk på det som til no har vore utradisjonelle område, der det går raskt unna og fleire format som SMS’ar, e-post og anna skal handterast, seier juryleiar for nynorskprisen, Gry Molvær.

Ronny Brede Aase frå Førde har arbeidd som DJ, eller platepratar, i P3 i snart to år. Han skriv òg bloggar i ungdomskanalen. Han byrja som sommarvikar i NRK Sogn og Fjordane som 19-åring.

Juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar: Frå venstre juryleiar Gry Molvær, sekretær Magni Øvrebotten, Tom Hetland og Olaug Nilssen. (Foto: Geirmund Henjum, Nynorsk mediesenter).

Bilde: Juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar: Frå venstre juryleiar Gry Molvær, sekretær Magni Øvrebotten, Tom Hetland og Olaug Nilssen. (Foto: Geirmund Henjum, Nynorsk mediesenter). 

Multitalent
Juryen skriv at han i NRK Sogn og Fjordane først vart hyra for å vere nettjournalist, men han  ”synte eit multitalent som gjorde at han fiksa alt frå teknikk til programleiing og vart snart brukt i heile programproduksjonen”.

-Han stortrivst på lufta og gleda hans ved det smittar over på dei som lyttar. Ronny Brede Aase er eit sjeldan fenomen i norsk kringkasting, både som journalist og nynorskbrukar, og vi er svært glade for å kunne gje han prisen i år, seier Gry Molvær.

I tillegg til henne, sit forfattar Olaug Nilssen og sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad i juryen. Magni Øvrebotten i Nynorsk mediesenter er sekretær for juryen.

Brede Aase vart nominert av sjefen sin i P3, Bjørn Tore Grøtte.

-Vi er stolte av Ronny. Han er ein uredd, temposterk og stilsikker radiopersonlegdom. Ronny har ei eiga evne til å få folk til å opne seg, det viser det store talet tekstmeldingar vi får til showet hans, seier Bjørn Tore Grøtte.

”En sjelden blomst”
I framlegget sitt til juryen for nynorskprisen, dreg Grøtte fram at som ”plateprater i et slikt format med utpreget nynorskbruk i et marked som stort sett består av østlendingar, så er Ronny en sjelden blomst”.

Grøtte peikar på at Brede Aase brukar dialekt og nynorsk på ein utmerka måte, som ingen andre av hans kaliber gjer i Noreg. –Norsk språk har godt av unge journalister som Ronny, skriv Grøtte i nominasjonen til juryen, som hadde 30 framlegg å velja mellom.

-Ronny er nok den mest kontroversielle tilsetjinga eg har gjort som redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, seier distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen i NRK Sogn og Fjordane.

Vil ha han heim
-Ronny var veldig ung, ikkje spesielt nyheitsinteressert, utan førarkort og slett ikkje ein klassisk P1-journalist. Men han var språkleg sterk og veldig allsidig med interesse for nettet, teknikk og avvikling. Rett og slett eit friskt pust som vart lagt positivt merke til både internt i redaksjonen og ikkje minst hos lyttarane. Eg er ikkje overraska over at han har lukkast i P3 – eg håper berre han finn vegen heim igjen om nokre år, seier Sanne Gundersen.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar blir delt ut under Dei nynorske Festspela på Ivar Aasen-tunet i Ørsta, torsdag 25.juni. Tidlegare prisvinnarar er Linda Eide, Kjell Erik Kallset og Odd Reidar Solem.

Geirmund Henjum, Nynorsk mediesenter