Historisk arkiv

Rotevatn inviterer til global naturkonferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Konferansen har fått namnet Act #ForNature og skal handle om korleis verda skal samarbeide betre om å ta vare på natur. Konferansen skal styrast frå Oslo og Nairobi, med deltakarar frå heile verda, og alt skjer digitalt mellom 8. og 10. juni.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn inviterer til konferansen i kraft av rolla som president for FN si miljøforsamling. Konferansen er ein viktig del av førebuingane til FN si femte miljøforsamling (UNEA-5) som finn stad i Nairobi i 2021. Saman med leiaren for FN sitt Miljøprogram Inger Andersen inviterer Rotevatn interessentar frå heile verda til å bidra med innspel om korleis verda skal ta betre vare på natur. Kor viktig naturen er for at vi skal klare å nå berekraftsmåla er fastsett som hovudtema for miljøforsamlinga Rotevatn skal leie i 2021.

- Eg ser eit aukande engasjement for natur i klima- og miljødebatten. Det er bra. Eg trur folk ser at naturen ikkje er noko vi kan ta for gitt og som vi risikerer å tape i små og store steg som vi kanskje ikkje trur betyr mykje. Naturen er ein vesentleg del av svaret på klimautfordringa, men er òg viktig av en rekkje andre grunnar som pollinering av maten vi et og for helsa vår, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

- Det er på tide vi får på plass gode internasjonale avtalar som forpliktar alle land til å ta vare på meir natur. 2020 skulle bli eit viktig år for natur og biologisk mangfald, no er mange internasjonale møte utsett, men eg håper at møtet vi arrangerer saman med UNEP kan bidra til å halde trykket oppe, seier Rotevatn.

Konferansen vil strømmes frå Oslo og Nairobi, sistnemnde er hovudsete for Miljøprogrammet til FN. Miljøministrar, forskarar, miljøvernarar og andre ekspertar vil diskutere diverse problemstillingar naturen står ovanfor i seks ulike sesjonar. Desse omhandlar blant anna økosystem- og helse, grøn omstilling, marin forsøpling, berekraftige matsystem, og miljøstyresett for framtida.

Konferansen består av fleire programpostar mellom 8. og 10. juni. Meir informasjon om programmet og påmelding finns her: https://environmentassembly.unenvironment.org/act-for-nature-forum/schedule

Dei ulike paneldebattane vil naturlegvis vert prega av koronapandemien som råke verda, men bodskapet vil vere klart: vi må teke vare på naturen som er vårt eige livsgrunnlag.

I forkant av konferansen vil Forum for utvikling og miljø (ForUM) arrangere ein konsultasjon for 150 aktørar frå viktige samfunnsgrupper, som skal bli einige om ein rekkje handlingspunktar som skal overleverast til miljøministrar. Meir informasjon om dette finns her.

Styrke berekraftsmåla

Eit overordna tema for UNEA-5 vart bestemd før jul, og handlar om styrke innsats for å bevare naturen og nå berekraftsmåla ("Strengthening Actions for Nature to Achieve the Sustainable Development Goals"). Klima- og miljøministeren vil ha ein særskild rolle i den internasjonale dialogen fram til miljøforsamlinga i februar 2021. Ein sentral del av presidentoppgåva vil òg vere å leie arbeidet med ei politisk erklæring som medlemslanda skal vedta.

Koronapandemien har påverka det internasjonale arbeidet for klima og miljø i stor grad. Fleire milepælar, som arbeidet med ein ny naturavtale og forhandlingane i klimaavtala, har blitt utsett til våren 2021. Samstundes fortsett mykje av arbeidet på digitale plattformar.