Historisk arkiv

Rundkøyring skal sørge for færre trafikkulykker i Kristiansund

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Flyplasskrysset utanfor Kristiansund er kjend for å vere eit av de mest ulykkesutsette kryssa i Møre og Romsdal. No er krysset utbetra med statlege midlar. Det betyr ein sikrare veg utan bompengar. I tillegg vert vegen opna godt før den planlagde opninga. Tre fluger i ein smekk, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Det tidligare T-krysset langs rv. 70 ved flyplassen i Kristiansund har vore eit av dei mest ulykkesutsette punkta i Møre og Romsdal. No som krysset har blitt ei rundkøyring skal det gjere det enklare å komme seg på og av den trafikkerte rv. 70.

- Etter planen skulle krysset opne like før jul, men etter godt arbeid av entreprenøren kan vi opne det allereie no. Det har vore eit godt arbeid av entreprenøren i dette prosjektet, seier Dale.

Statssekretær Tommy Skjervold (FrP), stod for opninga av krysset i dag.

Statssekretær Tommy Skjervold opnar vegen
F.v.: Regionvegsjef Berit Brendskag Lied, varaordfører Ragnhild Helseth, statssekretær Tommy Skjervold (FrP), asssisterande rådmann Knut Mostad og avdelingsdirektør i Statens vegvesen Ole Jan Tønnesen. Foto: Statens vegvesen