Rundt 80 000 nye husstandar har fått tilbod om raskt breiband det siste året

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

− Regjeringa har som mål at alle skal ha tilbod om breiband med minst 100 Mbit/s innan 2025. Dei siste dekningstala viser ei særs gledeleg utvikling. Vi er no på god veg til å nå dette målet. På sikt må vi satse høgare og legge til rette for eit gigabitsamfunn i Noreg, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Ifølge ei undersøking av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit av breibanddekning hadde 93,6 prosent av husstandane tilbod om breiband med 100 Mbit/s eller meir per 30. juni 2022. På tilsvarande tidspunkt i 2021 hadde 90,4 prosent dette tilbodet. 92,5 prosent av husstandane i Noreg har no moglegheit til å bestille breiband med 1 Gbit/s eller meir.

Tala viser at utviklinga har vore særs god i spreiddbygde strøk, der dekninga for 100 Mbit/s har gått frå under 66 prosent i 2021 til 72 prosent i 2022. Dekninga for 1 Gbit/s har auka frå 59 til 70 prosent i spreiddbygde strøk, i same periode.

− Den digitale utviklinga grip inn i alle delar av samfunnet og er ei sterk drivkraft for omstilling og innovasjon. Tilgang til sikre og framtidsretta mobil- og breibandnett for alle, er nødvendig for at vi skal kunne ta heile landet i bruk. Det er viktig at distrikta har det same gode breibandet som dei sentrale strøka. Derfor auka regjeringa satsinga på breiband i statsbudsjettet for 2022 med 50 prosent samanlikna med forslaget frå den førre regjeringa, seier Gjelsvik.

Se oversikten over utviklingen i bredbåndsdekningen i Norge på nettsiden til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet. 

 

  • Det er hovudsakleg tilbydarane av breiband som finansierer utbygginga av breiband i Noreg gjennom kommersielle investeringar. I 2021 blei det investert over 13 milliardar kroner i mobil- og breibandsnett i Noreg.
  • Det offentlege bidrar berre der markedet ikkje strekk til.
  • Tilskota til breiband er del av eit spleiselag med dei lokale og regionale bidraga, og utløyser betydelege investeringar i ny infrastruktur lokalt.
  • Staten bidreg òg med tilskot til telesikkerheit og beredskap for at netta kan stå imot uvêr eller andre hendingar, slik at innbyggjarar og verksemder kan vere trygge på at nettilgangen er stabil og påliteleg, og har lite nedetid.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00