Historisk arkiv

Rv. 13 Vik-Vangsnes offisielt opna: Tryggare og enklare reisekvardag for folk i Sogn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

I dag utførte samferdselsminister Knut Arild Hareide si andre digitale vegopning, denne gongen frå heimekontor. Nye rv. 13 Vik-Vangsnes i Vestland fylke har vore i bruk sidan desember, men blei feira fyrst i dag. Goteviktunnelen, som utgjer brorparten av prosjektet, erstattar ei vegstrekning med stor rasfare.

Hareide spiser kake
Knut Arild Hareide opna Goteviktunnelen frå heimekontoret. Etterpå feira han med selvbakt kake saman med borna. Foto: Henrik Jonassen/SD

- Når vi bygger nye vegar, skal dei ikkje berre sørge for at folk kjem seg fortare fram. Det er vel så viktig at folk kjem seg trygt fram. Den nye Goteviktunnelen er eit godt døme på eit slikt prosjekt. Den gamle vegstrekninga frå Vik og nordover langs fjorden til Gotvik har fram til no vore smal og skummel med stor fare for ras. No slepp folk i Sogn å køyre med hjartet i halsen, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Samferdselsministeren opna i dag vegen digitalt frå heimekontoret i Oslo. Han hadde bakt kake sjølv for høvet.

Billigare enn forventa

Utbygginga av rv. 13 Vik-Vangsnes,  starta i november 2017, og stod ferdig 9. desember 2020, da vegen blei  opna for trafikk. Prosjektet består av den nær 3 km lange Goteviktunnelen samt nær ein km opprusta veg i dagen. I tillegg er det bygd 130 m gang-/sykkelveg på Vetleøyri for å legge til rette for gang- og sykkeltrafikk på gamlevegen i sommarhalvåret, og fleire private veger.

Vegen ligg an til å koste rundt 595 millionar kroner. Det er nesten 90 millionar kroner mindre enn forventa.

- Eg vil takk Statens vegvesen for god styring av prosjektet, seier Hareide.

Du kan sjå vegopninga på Youtube.