Historisk arkiv

Saltenpendelen: Auka togkapasitet i rushtida og ny kveldsavgang frå Bodø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- For regjeringa er det viktig at arbeidspendlarar med tog har eit godt tilbod. I og rundt byområda er det positivt at jernbanen kan ta ein del av trafikkveksten. Vi aukar no kapasiteten på Saltenpendelen mellom Bodø og Rognan slik at fleire kan bruke lokaltoget til og frå arbeid, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Kapasiteten på Saltenpendelen blir auka ved at NSB set inn eitt ekstra togsett i rushtidsavgangane frå måndag til fredag. Dette gjeld toget som kjem til Bodø kl. 07.42 og som har avgang frå Bodø kl.16.05. Endringa kjem først 17. august i år, da NSB treng å tilsette nye lokførarar og konduktørar.

I tillegg kjem ein ny kveldsavgang kl. 23.45 frå Bodø til Rognan på kvardagar måndag til fredag. Denne avgangen kjem ved ruteendringa i desember 2015.

I statsbudsjettet for 2015 er det løyvd midlar til å styrkje togrutetilbodet på Saltenpendelen. Det forbetra togtilbodet kjem til å bli ein del av avtalen mellom Samferdselsdepartementet og NSB om statleg kjøp av persontransport med tog.