Historisk arkiv

Samarbeid om utvikling av CO2-fangstteknologi – amerikanske leverandørselskap ønskjer å teste sine teknologiar i Norge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Det amerikanske energidepartementet (DoE) har lyst ut midlar til selskap som ønskjer å kvalifisere teknologi for CO2-fangst. Støtte vil bli gitt i to fasar og det er høve til å bruke midlar i utlandet. DoE har no offentleggjort kven som mottok støtte i første fase. Tre av desse selskapa ønskjer å bruke teknologisenteret på Mongstad til å teste ut sine teknologiar.

- Meldinga frå USA viser at teknologisenteret på Mongstad spelar ei sentral rolle i det internasjonale samarbeidet for CO2-fangst og -lagring. Vi har samarbeida i lengre tid med amerikanarane om å utvikle og ta i bruk denne heilt naudsynte klimateknologien og dette er en ny milepæl, seier olje- og energiminister Tord Lien.

Norge og USA har i lengre tid samarbeida om å utvikle teknologi og løysingar for CO2-fangst og –lagring. Samarbeidet har hittil skjedd hovudsakleg gjennom forskningsprosjekt og informasjonsutveksling. Det amerikanske energidepartementet har lagt fram ein plan for å kvalifisere teknologiar for fullskala CO2-fangst med det formål at det skal bli lettare for industrien å ta slike løysingar i bruk. Det inkluderer målretta støtte til å utvikle og kvalifisere teknologiar for CO2-fangst.

TCM

Teknologisenteret med begge testanlegga i midten av biletet og administrasjonsbygningen i forgrunnen. Raffineriet ligg til venstre og kraftvarmeverket i bakgrunnen (foto: TCM).

USAs President Barack Obama offentleggjorde nyleg sitt forslag for å redusere USAs klimagassutslipp. Fangst og lagring av CO2 er mellom tiltaka som vil vere aktuelle for implementering. Teknologisenteret er i samtalar med fleire selskap om testkampanjar ved anlegget det neste året, inkludert amerikanske ION Engineering og britisk-indiske CCS (Carbon Clean Solutions). I tillegg er det samtalar med Shell Cansolv, som allereie har gjennomført ein testkampanje på Mongstad, om ytterlegare testaktivitetar.

Fakta om TCM:

Teknologisenteret på Mongstad er ein arena for langsiktig og målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO2-fangst.  Hovudmålet med teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad er å bidra til teknologi­utvikling for økt utbreiing av CO2-fangst globalt. Det er også eit mål å bidra til internasjonal spreiing av desse erfaringane, slik at kostnadar og risiko for fullskala CO2-fangst kan bli redusert. TCM er bygd med to testanlegg tilpassa to ulike fangstteknologiar: eitt for aminbaserte løysingar og eitt basert på kjølt ammoniakk og med moglegheiter for å teste teknologiane på røykgass frå både raffineriet og kraftvarmeverket på Mongstad.

Alstom er eineleverandør av teknologien som kan brukast på anlegget for kjølt ammoniakk. Valet av teknologiar var gjort mellom anna på bakgrunn av vurderingar av teknologiane sitt forbetringspotensial, kor eigna dei var for implementering i eksisterande anlegg, mogleg fullskala anvending, kor teknisk modne dei var, miljøbelastning og moglegheit for rensing av avgass frå ulike kjelder som kol, gass og raffinering.

Investeringsavgjerd for anlegget blei gjort i 2009. Anlegget blei opna i mai 2012 og er eigd av den norske stat ved Gassnova (75,12%), Statoil (20 %), Shell (2,44%) og sørafrikanske Sasol (2,44%). Det er verdas største testanlegg for CO2-fangstteknologi og dekker eit areal på 63 000 m2