Samarbeidsavtale om skrantesjuke med kommunar som grenser til Nordfjella

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og politisk rådgjevar Marit Kristine Vea i Klima- og miljødepartementet har i dag hatt møte med politisk leiing i kommunar som grenser til Nordfjella og med leiaren i Nordfjellarådet.

På møtet vart det underskrive ein avtale om vidare samarbeid for å behalde friske stammar av villrein og bygge opp at ein frisk villreinstamme i Nordfjella sone 1 raskast mogleg i tråd med vedtekne planer. Det er semje om å utforme eit heilskapeleg program for det vidare arbeidet i løpet av 2018. 

Underskriver avtale
På møtet vart det underskrive ein avtale om vidare samarbeid for å behalde friske stammar av villrein og bygge opp at ein frisk villreinstamme i Nordfjella sone 1 raskast mogleg i tråd med vedtekne planer. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

– Skrantesjuke har stilt både staten og kommunane overfor nye utfordringar. Det blir viktig at staten og kommunane står saman også i den fasen vi nå går inn i med å legge til rette for vellukka reetablering av ein frisk villreinstamme i Nordfjella. Eg er difor glad for at vi no har etablert ein samarbeidsavtale om dette, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

møte
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og politisk rådgjevar Marit Kristine Vea i Klima- og miljødepartementet har i dag hatt møte med politisk leiing i kommunar som grenser til Nordfjella og med leiaren i Nordfjellarådet. Fra venstre: Lars nesse, Steinar Bertelsen, Jens Holven, Marit Kristine Vea, Jon Georg Dale, Leif Jarle Bergheim og Jan Geir Solheim. Foto: Landbruks- og matdepartementet.