Historisk arkiv

Samferdselsdepartementet: Hege Solbakken – ny statssekretær

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Hege Solbakken er i statsråd i dag utnemnd til statssekretær for statsråd Liv Signe Navarsete i Samferdselsdepartementet. Ho overtar etter statssekretær Steinulf Tungesvik, med verknad frå 3. mars i år.

Solbakken kjem frå Austevoll i Hordaland og har sidan hausten  2005 vore statssekretær ved Statsministerens kontor.

Ho er 35 år og er cand. polit. frå Universitetet i Bergen i 2001, med hovudfag i samanliknande politikk.

I  2000 var ho politisk rådgjevar for fiskeriminister Lars Peder Brekk.

I periodane 1999-2000, 2001-2003 og 2004-2005 arbeidde Solbakken som politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Senterpartiet, og ho var i 1997 konsulent for stortingsgruppa.

Til toppen