Historisk arkiv

Samferdselsdepartementet: Bente Elgar utnemnd til underdirektør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Seniorrådgjevar Bente Elgar blei i statsråd 25. august utnemnd til underdirektør i Samferdselsdepartementet.

Bente Elgar er 51 år og cand. jur. frå Universitetet i Oslo i 1991. Ho vart tilsett i Vegseksjonen i Samferdselsdepartementet i 1994. Før dette arbeidde ho i Barne- og familiedepartementet.

Elgar blir underdirektør i Byseksjonen, som mellom anna arbeider med statleg delfinansiering av store kollektivprosjekt og bompengefinansierte bypakkar. Seksjonen har ansvar for samordning av bypolitikken, mellom anna areal- og transportplanlegging og miljø- og teknologiutvikling som er relevant for byar.