Samferdselsdepartementet har mottatt ei tilleggsutgreiing om Arna-Voss

- Det er naudsynt med tiltak på E16 Arna-Voss og Vossebanen. Tilleggsutgreiinga gir oss utfyllande vurderingar som vil vere viktige for den vidare handsaminga av saka, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdseldepartementet har i dag mottatt ei tilleggsutgreiing om Vossebanen og E16 som er utarbeidd av Jernbaneverket i samråd med Statens vegvesen.

Strekninga Voss-Arna har mange utfordringar. Vegen og jernbanen er rasutsett, har kapasitetsproblem og lang reisetid. Statens vegvesen og Jernbaneverket leverte i 2014 ei konseptvalutgreiing (KVU) for veg og bane Voss-Arna. Jernbaneverket og Statens vegvesen tilrår å bygge ut både vegen og banen. Utgreiinga blei kvalitetssikra av Terramar AS og Oslo Economics AS. Anbefalingane i konseptvalutgreiinga og kvalitetssikringa var motstridande med tanke på val av løysing.

- Eit slikt sprik i vurderingane tilsa eit behov for å sikre at saka er godt nok opplyst. Vi snakkar om omfattande investeringar i transportinfrastruktur, som skal nyttas av trafikantane i mange tiår framover, seier Solvik-Olsen.

Meir trafikksikker transport, auka kapasitet og kortare reisetid

Etter ein gjennomgang av fleire ulike tilnærmingar for Vossebanen, held tilleggsutgreiinga fast ved transportetatane sitt tilrådde konsept, K5. Utgreiinga støtter opp om at det kan vere formålstenlig å byggje ut prosjektet i etappar. Tilrådinga er at utbygginga startar ved Arna, og at den første etappa bør gå til Stanghelle. Kostnaden for ei felles utbygging av veg og bane er her vurdert til om lag 14 milliardar kroner.

- Eg har ved fleire høve streka under at Samferdselsdepartementet har venta på denne tilleggsutgreiinga – før regjeringa gjennomfører ei endeleg handsaming av konseptvalet for strekninga Arna-Voss. No har vi fått materialet vi har venta på, og vi vil no legge til rette for ei rask avklaring, seier samferdselsministeren.

Med å starte frå Arna vil både banen og vegen bli betre sikra på ei strekning der konsekvensane ved til dømes ras kan vere veldig store. Samstundes er det også her kapasitetsutfordringane er størst. Traseen vil i all hovudsak gå i tunnel. Dette gir god sikring mot  skred, og møtefri veg vil auke trafikktryggleiken, står det å lese i utgreiinga.


For fleire opplysningar – sjå: