Historisk arkiv

Samferdselsdepartementet: Per Kolstad konstituert som underdirektør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Per Kolstad, Nittedal, er i statsråd i dag konstituert som underdirektør i Samferdselsdepartementet, der han skal arbeide i Luftfartsseksjonen, i Luft-, post- og teleavdelinga.

Kolstad er 42 år og samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo med vidaregåande studiar i økonomi frå Tyskland. Kolstad arbeidde som konsulent i Noregs Bank inntil han i 1994 vart tilsett som forskar ved Nordlandsforsking i Bodø. Sidan 1999 har han arbeidd i Samferdselsdepartementet, først som rådgjevar i Veg- og sjøtransportseksjonen og frå januar 2002 som rådgjevar og seinare seniorrådgjevar i Luftfartsseksjonen.

Luftfartsseksjonen arbeider med rammevilkåra for luftfarten. Dette omfattar mellom anna lov- og forskriftsarbeid, forvaltning av dei statlege eigarinteressene i Avinor AS og etatsstyring av Luftfartstilsynet og Statens havarikommisjon for transport. Seksjonen arbeider òg med flytryggleik, internasjonale luftfartssaker og internasjonalt og skandinavisk luftfartssamarbeid, i tillegg til flystøy og andre miljøspørsmål innan luftfarten.