Historisk arkiv

Fire milliardar kroner til rassikring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa vil ha fleire rassikra vegar. – Det er viktig at folk kan reise trygt. Difor har regjeringa gjennom Nasjonal transportplan varsla ein milliard årleg til rassikring seier statsråden. Pengane er fordelte med femti prosent høvesvis på fylkesvegnettet og riksvegnettet.

Foto frå pressetreff - vegdirektør Gustavsen og samferdselsminister Meltveit KleppaSamferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa vil ha fleire rassikra vegar. – Det er viktig at folk kan reise trygt. Difor har regjeringa gjennom Nasjonal transportplan varsla ein milliard årleg til rassikring seier statsråden. Pengane er fordelte med femti prosent høvesvis på fylkesvegnettet og riksvegnettet.

- Statens vegvesen har no lagt fram eit handlingsprogram for rassikring på fylkesvegnettet for perioden 2010 – 2019, med særleg vekt på dei fire åra 2010 – 2013. Den vedtekne løyvinga på 500 millionar kroner til rassikring på fylkesvegnettet i 2010 er no fordelt til dei enkelte fylka og prosjekta i tråd med fylkeskommunane og Statens vegvesen sine prioriteringar, seier statsråden.

– Å bruke pengar på rassikring er god samfunnsøkonomi fordi rassikring reduserer dei ekstra kostnadane som vegstenging medfører for folk og næringsliv. Det viktigaste er likevel at rassikring er med på å hindre at det skjer ulukker, særleg for dei som dagleg må køyre på rasutsette vegar til og frå skule og arbeid, seier statsråden.

Samferdselsministeren vil også gje ein ekstra honnør til dei tilsette i Statens vegvesen, som har ei sentral rolle i situasjonar med ras, men også i arbeidet med å hindre ras: - Mange tilsette i Statens vegvesen har eit farefullt arbeid til beste for fellesskapen, seier statsråden.


For fleire opplysningar - sjå:

Rassikring - forslag til tiltak på fylkesvegnettet (pdf)

Rassikring - riksvegnettet (fordeling på korridorar) (pdf)

Foto på Flickr