Samferdselsministeren til Haugesund onsdag 8. februar

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen deltek onsdag på Haugesundkonferansen. Konferansen har ein maritim profil og handlar i år om hamnepolitikk. Statsråden nyttar samstundes høvet og vitjar Høgskulen på Vestlandet og Simulatorsenteret og Simsea.

Program:

09:50 – Innlegg og spørsmål frå salen på Haugesundkonferansen, Hotell Scandic Maritim

10:45 – Deltaking på karrieredagane, Campus Haugesund

11:45 – Synfaring og besøk hos Simulatorsenteret og Simsea. Testkøyring av båt i Simsea.

Pressekontakt for turen er kommunikasjonsrådgjevar Henrik Jonassen:
henrik.jonassen@sd.dep.no / 976 28 091