Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Samferdselsministeren til Kirkenes måndag 1. april

Samferdselsminister Jon Georg Dale vitjar Kirkenes måndag 1. april. Statsråden skal på synfaring på Strømmen bru og hamna. Dale skal òg delta på møte om trafikknutepunkt for gods i nord, godstransporttilbodet til sjøs i Aust-Finnmark og utfordringar knytte til utanlandske vogntog som er dårleg skodde om vinteren.

Journalistar er velkomne til å vere med på orienteringar og synfaringar.

Program (med atterhald om endringar)

Kl. 11.30: Strømmen bru - synfaring av flaskehals på E6

Kl. 12.15: "Game changer i Arktis" – Kirkenes næringshage, Storgata 4
Møte om trafikknutepunkt for gods i nord, med vekt på mogleg auka trafikk på den nordlege sjørute og jernbanesamband til Finland.

Kl. 14.30: Nor Lines Kirkenes AS – Kaiveien 4
Synfaring og fotoseanse på hamneområdet, deretter møte om mellom anna utfordringar knytte til redusert godsbåttilbod og dårleg skodde utanlandske vogntog på norsk vinterføre.

Pressekontakt: Seniorrådgjevar Edvard Andersen, mobil: 90511667, e-post: [email protected]

Til toppen