Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Samferdselsministeren til Sogn og Fjordane måndag 26. august

OPPDATERT PROGRAM: Møte på Florø lufthamn flyttes til Førde lufthamn ca. kl. 16.00. Samferdselsminister Jon Georg Dale besøker Sogn og Fjordane måndag 26. august. Dagen startar med opning av den nye vegen E39 Bjørset-Skei, før turen går vidare til bedriftsbesøk i Førde, skredsikringssynfaring på rv. 5 og orientering om Kystvegen Ålesund-Bergen i Florø. Pressen er invitert til å delta på alle delar av programmet.

Program for dagen:

11.30: Vegopning E39 Skei-Bjørset på Jølster Panorama. Sjå Statens vegvesen sin nettstad for meir informasjon.

13.45: Besøke bedrifta Multi Maritime i Førde. Adresse: Firdavegen 6.
Multi Maritime er eit selskap som designar båtar og står bak fleire av elferjene som trafikkerer norske fjordar. NB: Påmelding for presse innan måndag morgon kl. 09.00.

15.00: Synfaring og orientering om skredsikring på rv. 5 mellom Førde og Florø. Svenn Egil Finden frå Statens vegvesen held orienteringa, like sør for Naustdal. Interessert presse kan ta kontakt med pressekontakt for nøyaktig oppmøtested.

Endring: 16:00: Møte med Kystvegen Ålesund-Bergen. Interesseorganisasjonen jobbar for eit båttilbod mellom Ålesund og Bergen.
Adresse: Førde lufthamn.

Pressekontakt for turen er kommunikasjonsrådgjevar Henrik Jonassen:
976 28 091/hj@sd.dep.no

Til toppen