Samferdselsministeren til Trøndelag

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen reiser tysdag 31. januar til Trøndelag. På Thamshamn skal ministeren delta på ei markering av avslutninga av bompengeinnkrevjing på E39. I Trondheim møter Solvik-Olsen selskapa CTT og Vortex. Deretter deltek ministeren på folkemøte.

Program

Kl. 12.00: Markering av avslutning av innkrevjing av bompengar på E39 Øysand-Thamshamn ved bomstasjonen på Thamshamn. 

KL. 12:30: Pressetreff på Bårdshaug Herregård.

Kl. 15.30: Møte med CTT om måling av luftkvalitet, på Energibygget til Trønderenergi.

Kl. 16.30: Møte med Vortex om arbeid med Hyperloop, på NTNU Gløshaugen.

Kl. 18:00-19:30: Folkemøte på Hotel Augustin, Trondheim.

Pressekontakt på turen er senior kommunikasjonsrådgjevar Frøydis Tornøe: froydis.tornoe@sd.dep.no / telefon 970 97 855