Historisk arkiv

Samkommunar blir lov frå 1. juli

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Frå 1. juli kan kommunane danne samkommunar. - Samkommune er ei god løysing for samarbeid på tvers av kommunegrensene om lovpålagde oppgåver, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Frå 1. juli kan kommunane danne samkommunar. - Samkommune er ei god løysing for samarbeid på tvers av kommunegrensene om lovpålagde oppgåver, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Stortinget har vedteke å lovfeste samkommunemodellen etter forslag frå regjeringa. Nye reglar for eit styrkt lokaldemokrati kjem også på plass. Kongen i statsråd har i dag vedteke at dei nye reglane skal gjelde frå 1. juli 2012.

- Mange kommunar finn gode løysingar for å sikre dei beste tenestene til innbyggjarane sine ved å samarbeide med andre. Samkommunemodellen gir kommunane mogelegheit til å samarbeide på ein ny måte, seier Navarsete.

Samkommunemodellen legg til rette for at kommunane kan samarbeide på tvers av mange sektorar og om fleire ulike oppgåver under eit felles folkevald samkommunestyre.

- Dette gir dei folkevalde høve til å sjå dei ulike områda i samanheng og dermed kunne gjere dei rette prioriteringane, seier Navarsete.

- Eg vil oppfordre kommunane til å leggje vekt på god folkevald styring og kontroll når dei etablerer ulike samarbeid – ikkje minst på så viktige område som helse og velferd, seier statsråden.

Dei nye reglane for eit styrkt lokaldemokrati handlar om forholdet mellom lokalpolitikarane og administrasjonen i kommunane. Kommunestyret skal handsame ei sak om delegeringsreglementet minst ein gong i kvar valperiode. Kommunestyra skal òg ta stilling til kven dei ynskjer skal lage innstilling i politiske saker.

- Kven som innstiller i politiske saker og kven som blir delegert ansvar viktige saker er viktig for lokaldemokratiet. Å ta stilling i slike spørsmål gjer kommunestyret medvite på kva slags avgjerder det sjølv skal ta, og kva administrasjonen skal bestemme. Innstillinga legg premissar for debatten. Difor bør kommunestyret vere medvite på kven det ynskjer skal lage den, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

Til toppen