Historisk arkiv

Samlar innsatsen mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Frå 1. september flyttar Kompetanseteamet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet for å samle viktige delar av innsatsen på området.

- Kompetanseteamet gjer eit viktig arbeid med å gi råd og rettleiing om tvangsekteskap, æresrelatert vald og kjønnslemlesting til dei som jobbar i fyrstelinja ute i kommunane. Når arbeidet no blir samla hos Bufdir, vil det bidra til å vidareutvikle det viktige arbeidet som blir gjort på området, seier barne-, likestillings og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).

Flyttar til Bufdir
Sidan 2008 har Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) koordinert arbeidet i kompetanseteamet. Direktoratet har arbeidd systematisk med å få på plass gode hjelpetilbod som førebygger og gir hjelp til dei som er utsett for tvangsekteskap.

Når teamet no blir flytta over til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, blir dei nærare knytt til arbeidet med det nasjonale bu- og støttetilbodet for dei som er utsett for tvangsekteskap. Teamet kjem også nærare innsatsen mot vald og seksuelle overgrep mot barn og unge og tiltaksplanen "En god barndom varer livet ut", som Bufdir koordinerer.

IMDi vil framleis ha ei rolle i Kompetanseteamet og ha ansvar for andre delar av arbeidet, som minoritetsrådgivarane, integreringsrådgivarane og den økonomiske støtta til frivillige organisasjonar.

170 nye saker
I løpet av fyrste halvår i 2015 behandla Kompetanseteamet til saman 170 nye saker. Det er færre enn i fyrste halvår i 2014. Dei fleste sakene gjeld truslar og vald eller frykt for tvangsekteskap.

- Arbeidet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og æresrelatert vald er eit prioritert område for regjeringa. Eitt tilfelle er eit for mykje. Både kjønnslemlesting av jenter og tvangsekteskap er forbode ved norsk lov, og strider i mot grunnleggande menneskerettar. Alle som er utsett for dette og treng hjelp, skal vite at det er eit offentleg hjelpetilbod der dei kan få hjelp, seier statsråden.

Her kan du lese meir om dei nye tala på arbeidet til Kompetanseteamet, minoritetsrådgivarar og integreringsrådgivarar.