Historisk arkiv

Samlokaliserer oppgåver etter trussamfunnslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Fleire av oppgåvene etter den nye trussamfunnslova skal no samlokaliserast ved to embete. Fylkesmannen i Oslo og Viken skal framleis ha ansvaret for sine fylke, medan Fylkesmannen i Agder får ansvar for resten av landet.

Oppgåvene som skal samlokaliserast handlar om kapittel 2 i lova: registrering av trus- og livssynssamfunn, tildeling av tilskot med oppfølging av rapportar og rekneskap, og forvalting av vigslingsrett. Den nye trussamfunnslova tek til å gjelde frå nyttår, og dei nye stillingane skal vere på plass til det.

– Ved å samle ressursane kan forvaltingsoppgåvene retta mot trus- og livssynssamfunn gjerast betre og meir effektive, seier trus- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Samlokaliseringa betyr to til tre fleire stillingar hjå Fylkesmannen i Agder.

Meir enn 35 prosent av alle trus- og livssynssamfunn høyrer heime i Oslo eller Viken, og meir enn 75 prosent av alle tilskotstellande medlemmar høyrer til desse samfunna. Erfaringa og kompetansen som allereie finnast hos Fylkesmannen i Oslo og Viken, er årsaka til at Fylkesmannen i Oslo og Viken beheld porteføljen sin.