Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Sanner legg fram nye læreplanar for skolen

18. november legg kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner fram nye læreplanar i skolen. Fagfornyinga er den største endringa i norsk skole sidan Kunnskapsløftet blei innført i 2006.

Stad: Smestad skole, Konventveien 27, 0377 Oslo. Inngang A.

Tid: Måndag 18. november kl. 10.00 – 11.30.

Innhaldet i skolen skal fornyast, slik at læreplanane blir meir relevante og framtidsretta. Arbeidet med dei nye faga har vært ein open og involverande prosess. Det har kome over 20 000 innspel, og læreplanane blir nå endeleg fastsett. Dei nye læreplanane skal styrke den faglege forståinga til elevane, gi elevar og lærarar meir tid til det viktigaste i faga og gi skolen eit verdiløft. Læreplanane skal takast i bruk frå skoleåret 2020/21.

Program:

Kl. 10.00 – 10.30: Rektor ynskjer velkommen, og kunnskaps- og integreringsministeren legg fram dei nye læreplanane for grunnskolen og gjennomgåande fag i vidaregåande

Kl. 10.30 – 11.30: Statsråden møter elevar i 7. trinn i klasserommet, og ser korleis dei arbeider praktisk i naturfag. Her vil det vere høve til å intervjue statsråden.

Pressekonferansen blir strøymd på www.regjeringen.no/kd

Kontakt:

Journalistar som ynskjer å delta på pressekonferansen kan melde seg på til kommunikasjonsrådgjevar Arild Strømmen, [email protected],

telefon 450 30 240.

Nett-tv Sanner legg fram nye læreplanar for skolen

Se sendingen her

Se sendingen her

 

Til toppen