Historisk arkiv

Sanner på tidleg innsats-turné i Hedmark og Oppland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Fredag 31. mai kjem kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner til Gjøvik, Brumunddal og Hamar. Sanner ønskjer å sjå gode eksempel på arbeid med tidleg innsats og ha dialog om korleis barnehagar og skolar arbeider for å fange opp barn og elevar som strevar.

Tidleg innsats er eit av dei viktigaste satsingsområda til regjeringa. I dag får mange barn hjelp for seint, og for mykje av hjelpa desse elevane får blir gitt av ukvalifiserte. Regjeringa arbeider no med ei stortingsmelding om tidleg innsats.

Program for dagen:

Kl. 09.45 – 10.45

Jan Tore Sanner gjestar Gjøvik barnehage. Hovudtema for besøket vil vere  det fleirkulturelle arbeidet til barnehagen, inkludert språk og relasjonar. Adresse: Skolegata 7, 2821 Gjøvik

 

Kl. 11.30– 12.45

Besøk ved Mørkved barneskole. Tema er begynnaropplæring på første trinn, tilpassa opplæring og tidleg innsats. Statsråden skal sjå på trivselsprogrammet i praksis. 5.- 7. trinn. Adresse: Kongsvegen 94, 2380 Brumunddal

 

Kl. 13.30 – 14.45

Besøk ved Lunden barneskole. Tema er skolen sitt arbeid med inkludering og profesjonelle læringsfellesskap. Statsråden møter elevar som går i den spesialpedagogiske avdelinga. Adresse: Midtvangvegen 575, 2324 Vang

Pressa er velkomen alle stader. Journalistar som ønskjer å intervjue statsråden kan kontakte kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Ajfer Husejin på telefon 95936485 eller pr. e-post på ajf@kd.dep.no