Historisk arkiv

Sanner til Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner kjem til Kautokeino for å feire jubileet til Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole.

Måndag 1. april og tysdag 2. april kjem kunnskaps- og integreringsministeren til Kautokeino for å feire at Samisk vidaregåande skole har vore i drift i 65 år, og at reindriftsskolen har vore i drift i 60 år. Skolen har i dag rundt 100 elevar, og samisk fag- og yrkesopplæring har heile tida vore eit viktig tilbod ved skolen. I dag er det to samiske vidaregåande skolar i Noreg, ein i Kautokeino og ein i Karasjok. Begge er statlege skolar og tilboda er opne for elevar frå heile landet.

 

Dato:                   1. - 2. april 2019              

Stad:                   Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole, Kautokeino.

 

Program:

 

Måndag 1. april:

16.20

Mottaking på Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole

16.30

Velkommen v/ styreleder Ingrid Hernes

16.50

Kunnskaps- og integreringsministeren held jubileumstale

18.10

Festmiddag

 

Tysdag 2. april

09.00-09.40

Informasjon om landslinjene i duodji, reindrift og restaurant og matfag. Omvising på skolen og samtale med elevar.

09.40-11.00

Statsråden deltek i uteaktivitetar saman med elevane på reindriftslinja og restaurant og matfag.

11.00-11.30

Avslutning og tid til intervju

Pressa er velkommen og det blir høve til intervju med statsråden, elevar og lærarar.

Kontakt:
Journalistar som vil intervjue statsråden kan kontakte kommunikasjonssjef i Kunnskapsdepartementet, Anbjørg Bakken, på mobil  99009260 eller pr. e-post på anb@kd.dep.no