Historisk arkiv

Sanner til Trondheim og Stjørdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Onsdag 22. mai kjem kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner til Trondheim kommune og Stjørdal kommune. Sanner ønskjer å sjå gode eksempel og ha dialog om korleis skolar og NTNU, gjennom universitetsskolar, arbeider med tidleg innsats for å fange opp barn som strevar.

Tidleg innsats er eit av dei viktigaste satsingsområda til regjeringa. I dag får for mange barn hjelp for seint, og for mykje av hjelpa blir gitt av ukvalifiserte. Regjeringa arbeider med ei stortingsmelding om tidleg innsats.

Sanner vil også vere med på å opne Nasjonal barnehagekonferanse.

Program for dagen:

Kl. 10.00 – 11.00

Jan Tore Sannar er med på opninga av Nasjonal barnehagekonferanse. Adresse: Clarion Hotel & Congress, Brattørkaia 1, 7010 Trondheim.

Kl. 11.30 – 12.30

Besøke Huseby barneskole. Skolen er ein av fleire skolar i Trondheim som arbeider tett med NTNU for å skape betre undervisning og rettleiing for både elevane og studentane.
Adresse: Saupstadringen 16, 7078 Trondheim

Kl. 13.30 – 14.20

Besøke Halsen ungdomsskole i Stjørdal kommune. Kommunen har arbeidd systematisk dei siste åra for å betre spesialpedagogisk tilbod i barnehage og skole.
Adresse: Stokkanvegen 13 a, 7500 Stjørdal.

Pressa er velkomen alle stader. Journalistar som ønskjer å intervjue statsråden kan kontakte kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Ragnhild Skaara Imset på telefon 93435930 eller pr. e-post på rask@kd.dep.no