Sanner vitjar gründarar og innovasjonsmiljø i Hedmark

Innovasjon, gründerverksemd og næringsutvikling i distrikta er tema når kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner besøkjer Hedmark tysdag 24. mars.

Sanner vil mellom anna vitja Arena Heidner og Cryo Genetics på Hamar, Strandmoen næringsutvikling på Elverum, Forestia på Braskereidfoss og Skeno på Skarnes.

- Innovasjon, kunnskap og gründerkulturer viktig for å skape eit rikt næringsliv, nye arbeidsplassar og levande lokalsamfunn, seier Jan Tore Sanner.

Kl. 0900: Statsråden gjestar Fylkesmannen i Hedmark

Tema: Kommunereformen                                                   
Stad: Statens Hus, Parkg. 36, Hamar           

Kl. 0950:    Statsråden vitjar ARENA Heidner og teknologiselskapet Cryogenetics
Tema: Bioøkonomi, innovasjon og nye arbeidsplassar (tatt ut distrikta)
Stad: Storhamargata 44, Hamar

Kl. 1130:    Statsråden besøkjer Strandmoen næringsutvikling (SNU)               

Tema: Omstilling og nye arbeidsplassar                                          
Stad: Solbærvegen 5, Elverum

Kl. 1235:    Statsråden vitjar Glomdalsmuseet og utstillinga Latjo drom   

Tema: Taterkultur og minoritetspolitikk                                                     
Stad: Museumsvegen 15, Elverum

Kl. 1355:Statsråden gjestar Forestia

Tema: Innovasjon og utvikling i skogindustrien                                        
Stad: Damvegen 31, Braskereidfoss              

Kl. 1610:    Statsråden besøkjer gründerverksemda Skeno og Odal næringshage

Tema: inkludering og folkehelse                              
Stad: Stasjonsvegen 16, Skarnes

Alle vitjingane er opne for pressa unnteken besøket til fylkesmannen og SNU. Statsråden vil vere tilgjengeleg for pressa etter desse møta.

 

Pressekontakt:
Kommunikasjonsrådgjevar Helge Kvandal, tlf. 4028 4275

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00