Historisk arkiv

Satsing på barn og ungdom 2014

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Årleg publikasjon frå departementet

I publikasjonen finn du den samla politikken til regjeringa på barne- og ungdomsområdet.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet gir årleg ut eit hefte som heiter ”Satsing på barn og ungdom. Regjeringens mål og innsatsområder i statsbudsjettet 2014”.

I publikasjonen finn du den samla politikken til regjeringa på barne- og ungdomsområdet. Den inneheld mellom anna ei oversikt over alle tiltak og budsjettpostar som gjeld barn og unge i statsbudsjettet for 2014. Publikasjonen er òg eit oppslagsverk som kommunane kan nytte for å betre samordninga av tilbod til barn og ungdom på statleg, regionalt og kommunalt nivå.

Det er viktig å skape ein kultur der ulike tenester deler kunnskap. Slik vert det lettare å jobbe mot eit felles mål. Innsats frå frivillig sektor og dialog med barn og ungdom er også viktig. Vi håper denne publikasjonen kan vere med å gi oversikt og kunnskap om alle dei satsingar som fins for å skape eit godt oppvekstmiljø for barn og ungdom i Noreg.

Her kan du laste ned heftet.