Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2014:

Satsing på musea

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet legg vekt på konsolidering, samlingsforvalting, drift og bygningsvern når driftstilskota til musea i Det nasjonale museumsnettverket blir auka med i alt 76,2 millionar kroner; dette inneber ein auke på 7,9 prosent.

Kulturdepartementet legg vekt på konsolidering, samlingsforvalting, drift og bygningsvern når driftstilskota til musea i Det nasjonale museumsnettverket blir auka med i alt 76,2 millionar kroner; dette inneber ein auke på 7,9 prosent.

Gjennom museumsreforma er mange museum slegne saman til større og sterkare einingar. For å sluttføre konsolideringsprosessar og styrkje driftsgrunnlaget for nye museumsbygg blir løyvinga styrkt med i alt 13,9 millionar kroner til følgjande museum:

  • Aust-Agder museum og arkiv (3,5 millionar kroner)
  • Buskerudmuseene (4,8 millionar kroner)
  • Museum Nord (1,5 millionar kroner)
  • Musea i Sogn og Fjordane (3,3 millionar kroner)
  • Nordmøre Museum (0,8 millionar kroner)

 

Mange museum treng meir ressursar til drift, forvalting av store samlingar og for å ta vare på kulturhistoriske bygningar. Samlingsforvalting, bygningsvern og drift er grunngiving for ei styrking på i alt om lag 5,8 millionar kroner til følgjande museum:

  • Bymuseet i Bergen (1 million kroner)
  • Telemark museum (omlag 1,3 millionar kroner)       
  • Nordlandsmuseet (1 million kroner)            
  • Østfoldmuseene (0,5 millionar kroner)     
  • Haugalandmuseene (0,5 millionar kroner)
  • Vest-Agder-museet (1 million kroner)
  • Preus Museum (0,5 millionar kroner)

 

Henie Onstad Kunstsenter får ein budsjettauke på 250 000 kroner for å styrkje og vidareutvikle bruken av digital teknologi i kunstformidlinga til born og unge.

Satsinga på immateriell kulturarv, mellom anna maritime fag og folkemusikk, er bakgrunnen for å styrkje tilskotet til Hardanger og Voss Museum med 0,5 millionar kroner.

I tillegg har ei gruppe museum fått i alt 2,6 millionar kroner til førebuing av tiltak i samband med grunnlovsjubileet:

  • Haugalandmuseene (300 000 kroner)
  • Nordnorsk kunstmuseum (500 000 kroner)
  • Norsk Teknisk Museum (1 million kroner)
  • Punkt Ø (200 000 kroner)
  • Randsfjordmuseene (100 000 kroner)
  • Vestfoldmuseene (500 000 kroner)

 

Til toppen