Statsbudsjettet:

Satsing på museum

Kulturdepartementet legg vekt på formidling, bygningsvern/vedlikehald og drift når driftstilskota til musea i Det nasjonale museumsnettverket vert styrkt i budsjettforslaget for 2016. For å møte den vanskelige sysselsettingssituasjonen får også ei rekkje museum i utsette fylke til saman 121 millionar kroner til vedlikehald og nybygg.

Utvikling og drift av nye formidlingsarenaer, styrking av øvrig formidlingsverksemd og styrking av bygningsvern og vedlikehald ved musea er bakgrunnen for tilskotsauke på i alt 13,8 millionar kroner til desse musea:

  • Punkt Ø (1,2 millionar kroner)
  • Akershusmuseet (Grinimuseet) (2,5 millionar kroner)
  • Vestfoldmuseene (Eidsfoss) (2 millionar kroner)
  • Musea i Sogn og Fjordane (1,2 millionar kroner. Måløyraidsenteret 0,6 million)
  • Romsdalsmuseet (0,9 millionar kroner)
  • Norsk Industriarbeidermuseum (1,8 millionar kroner)
  • Astrup Fearnley museet (1 million kroner)
  • Kistefos-museet (0,5 millionar kroner)
  • Østfoldmuseene (1,5 millionar kroner)
  • Blaafarveværket (1,2 millionar kroner)

I tillegg aukar staten tilskotet til KODE Kunstmuseene i Bergen. Det er avtalt makeskifte med Bergen kommune om driftstilskotet til USF Verftet og KODE. Kommunen overtek ansvaret for driftstilskotet til USF Verftet og staten aukar då tilskotet sitt til KODE med tilsvarande beløp.

I tiltakspakka for auka sysselsetjing, har regjeringa foreslått eingongstilskot på til saman 57 millionar kroner til musea i Rogaland og Hordaland for å styrkje vedlikehaldet av bygningsmassen som desse musea forvaltar. Dette gjeld:

Dalane Folkemuseum
Haugalandmuseene
Jærmuseet
Museum Stavanger
Ryfylkemuseet
Baroniet Rosendal
Bymuseet i Bergen
Hardanger og Voss museum
KODE Kunstmuseene i Bergen
Museum Vest
Museumssenteret i Hordaland
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Sunnhordland Museum.
 

Alt i alt forvaltar desse musea 711 kulturhistoriske bygningar. Også fleire byggeprosjekt ved nokre av musea får eit eingongsbeløp i sysselsettingspakka for til saman 54, 1 millionar kroner. Dette gjeld:

Magasin- og utstillingsbygg ved Jærmuseet
Rehabilitering av publikumsmottak og utstilling ved Museum Stavanger
Ny basisutstilling ved Bymuseet i Bergen
Istandsetting av D/S Hestmanden.

Sjå eiga pressemelding om Sysselsettingstiltak, kulturbygg