Historisk arkiv

Kronikk:

Sauehald, investering og modernisering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Oppslag i Nationen dei siste dagane kan gi eit inntrykk av at støtta til investeringar innan saueproduksjon er ei av dei viktigaste årsakene til overproduksjon i marknaden, og at staten åleine har ansvaret for dette. Dette er for det fyrste ei alvorleg forenkling av situasjonen, samstundes som ein slik påstand viser manglande forståing for kvifor vi har ordninga med investeringstilskot.

Ei investering blir gjort med sikte på produksjon i fleire tiår. Investeringstilskot er difor ikkje eit egna virkemiddel for marknadsbalansering med kortare perspektiv. Skulle ein stimulere til lågare produksjon ville truleg endra husdyrtilskot eller slaktetilskot vera meir effektivt. 

I 2015 utgjorde summen av alle tilskot til vinterfora sau 2.957 kroner per dyr for eit bruk med 160 vinterfôra sau. Investeringstilskot var på 45 kroner per vinterfôra sau, og det utgjer 1,5 prosent av totalen. Til samanlikning auka til dømes tilskota til vinterfôra sau i gjeldande jordbruksavtale med 50 kroner for dei første 100 sauene. Styrkinga av totaløkonomien i sauehaldet i årets jorbruksoppgjer gir åleine større produksjonsincentiv enn investeringstilskotet. Denne prioriteringa var jordbruket og staten einige om.   

Investeringar rustar landbruksnæringa for framtida – også sauenæringa

Staten går inn med investeringstilskot til ulike typar landbruksproduksjonar for å bidra til å utvikle og modernisere driftsapparatet. Gjennom bruk av ny teknologi oppnår ein m.a. auka effektivisering og auka produktivitet. Nye krav til dyrevelferd er òg ei viktig årsak til at det er nødvendig å modernisere produksjonsapparatet. Vi ynskjer eit landbruk i heile landet, og investeringsstøtta har ein tydeleg distriktsprofil. Vestlandet får t.d. meir i tilskot enn fylke på Austlandet. Ettersom unge investerer i større grad enn eldre, er investeringsstøtta dessutan eit særs viktig verkemiddel for rekruttering til næringa. 

Skal vi ha eit landbruk i framtida treng vi at det blir investert på norske gardsbruk. Sau er ei viktig distriktsnæring. Ansvaret for å legge regionale føringar for investeringsstøtte for prioriteringar mellom produksjonar i landbruket, ligg hos den regionale partnarskapen i det enkelte fylke, der faglaga og landbruksforvaltninga i fellesskap blir samde om prioriteringane. Her har fylke som Hedmark, Oppland og Rogaland prioritert ned nyetablering og vesentleg kapasitetsauke innan saueproduksjon. Det har dei fullt høve til. Saman med lønnsemdsvurderingar som Innovasjon Norge må gjere knytt til den enkelte investeringssaka, er det altså fleire forhold som bidreg til at det blir gjort fornuftige vurderingar av korleis investeringsstøtta skal brukast. Dersom investeringstilskota innan saueproduksjon stoppar opp, fryktar eg særskilt ei sementering av sauenæringa i dei klassiske distriktsfylka på Vestlandet og i Nord-Noreg, og mindre modernisering av driftsapparata i desse områda enn i meir sentrale strok. 

Støtta til investeringar innan sau er på veg ned

Allereie frå 2016 har vi fått ein vesentleg reduksjon i investeringsstøtte gitt til saueproduksjon frå 18 prosent av investeringar innan tradisjonelt landbruk i 2015 til 11 prosent i 2016. Støtta er på veg ned også i 2017. Så langt i 2017 har Innovasjon Norge gitt støtte til ei nyetablering innan sau, mot 7 nyetableringar i 2016 (der næringsutøvarane ikkje hadde saueproduksjon frå før). 

På tide å bremse investeringsstøtte til mjølkeproduksjon også?

Når det er sagt er det heller ikkje unaturleg å samanlikne den støtta som blir gitt til sau med støtta som blir gitt til ein anna produksjon der det heller ikkje finst rom for auka produksjon, nemleg innanfor mjølkeproduksjon. I 2016 gjekk i underkant av 80 prosent av støtta til investeringar i tradisjonelt landbruk til investeringar innan mjølk- og storfeproduksjon. 84 prosent av alle investeringane Innovasjon Norge gav støtte til innan mjølkeproduksjon i 2016 førte til produksjonsauke. Dette gav ei endring i produksjonen på 3 890 årskyr. For 2015 gav støtta ei endring i produksjonen på 3734 årskyr. Skal vi frå staten si side setje på bremsene her også? Likskapen mellom desse to produksjonane når det gjeld marknadspotensial tilseier likehandsaming, og at ein frå staten si side må slutte å gje investeringstilskot. Konsekvensen blir truleg at investeringane stoppar opp i mange distrikt. 

Partane i jordbruksoppgjeret har stått saman om innretninga på investeringsstøtta

Til grunn for innretninga på investeringsstøtta i jordbruksoppgjeret det enkelte år ligg det m.a. innspel frå verkemiddelaktørar og marknadsaktørane i landbruket. Eg registrer at verken Innovasjon Norge eller Nortura ynskte å avgrense investeringsstøtte til saueproduksjon i sine innspel til jordbruksforhandligane i 2015. Det var heller ikkje eit tema i kravet frå jordbruket.

Etter 2015 er det altså gitt støtte til berre 8 nye fjøs som ikkje allereie er drift. 

Meir offensive marknadsaktørar?

Som eg har peika på ved tidlegare høver er det naudsynt med ei meir offensiv tilnærming til produktutvikling, fortsatt arbeid med å betre tilgangen til produkt i butikk, og aktivt arbeid med marknadsføring for å auke omsetnaden av sauekjøt for å betre marknadssituasjonen.