Statsbudsjettet 2021

Noreg tar ansvar for aukande behov internasjonalt som følgje av koronapandemien

Koronapandemien og tiltaka som er sette i verk for å demme opp, har dramatiske konsekvensar i utviklingsland og for menneske som allereie er råka av krise og naud. Økonomisk tilbakegang, auka fattigdom, arbeidsløyse, svekka utdanningstilbod og svolt er blant konsekvensane av pandemien og smitteverntiltaka.

Stadig fleire menneske treng humanitært vern og assistanse i verda. Foto: WFP
Stadig fleire menneske treng humanitært vern og assistanse i verda. Foto: World Food Program (WFP)

- Pandemien rammar allereie utsette og sårbare grupper særleg hardt. Konsekvensane av pandemien syner kor viktig det er med investeringar på helsefeltet, spesielt i land med svake helsesystem. Regjeringa gjer difor framlegg om å auke den internasjonale helseinnsatsen med 500 millionar kroner i budsjettet for 2021. Den samla løyvinga til global helse blir nær fire milliardar kroner, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein.

Dei humanitære behova har, på grunn av væpna konfliktar, klimaendringar og fattigdom i sårbare statar og regionar, auka kraftig dei siste åra. I 2020 har koronapandemien og den påfølgjande økonomiske krisa gitt ytterlegare aukande humanitære behov.

- Regjeringa gjer framlegg om eit samla humanitært budsjett på 5,5 milliardar kroner for 2021. Det har aldri vore fleire menneske som treng humanitær beskyttelse og assistanse i verda. Med dette budsjettet held Noreg fram med å vere ein av dei største humanitære givarane i verda, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.