Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Sjå integreringskonferansen direkte

Tysdag 24. september inviterer regjeringa ved kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner til integreringskonferanse for sjette gong. På konferansen i år vil også dei nasjonale vinnarane av Mangfaldsprisen 2019 bli kåra.

Nett-tv Regjeringens nasjonale integreringskonferanse 2019

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

På konferansen i år vil små og store røyster seie noko om korleis det er for minoritetsforeldre å oppdra barn i Noreg. Vi får blant anna høyre meir om kva  erfaringar tilsette og foreldre har frå open barnehage, og om ulike familiekulturar og sosial kontroll.

Det vil også vere parallelle sesjonar der Kunnskapsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Kulturdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og  Kommunal- og moderniseringsdepartementet er ansvarlege for kvart sitt tema. 

Under konferansen vil det også bli klart kven som blir gull-, sølv- og bronsevinnarar av den nasjonale Mangfaldsprisen 2019. I tillegg vil ein av dei to gullvinnarane få ein nasjonal heiderspris. Mangfaldsprisen går til små- og mellomstore bedrifter som har eit mål om meir mangfald og betre bruk av kompetansen til innvandrarar i det norske arbeidslivet.

Den nasjonale integreringskonferansen er ein viktig del av arbeidet til regjeringa på integreringsfeltet, og blir i år arrangert for sjette gong.

Program tysdag 24. september:

10.00 - 16.00                 

 

Integreringskonferansen 2019.

Adresse: Oslo Plaza, Sonja Henies Plass 3, 0134 OSLO

 

Sjå detaljert program for heile dagen her

Les meir om Mangfaldsprisen her 

Kontakt: Journalistar som ønskjer å vere til stades må kontakte kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Ragnhild Skaara Imset på mobil 93435930 eller mail: [email protected]

Til toppen