Historisk arkiv

Seglingsleier mellom Vardø og Røst ein realitet frå 1. juli

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Frå søndag 1. juli skal risikotrafikk følgje dei fastsette seglingsleiene utanfor kysten av Nord-Noreg. Kongen i statsråd har i dag fastsett forskrift om trafikkseparasjonssystem i norsk økonomiske sone på strekninga mellom Vardø og Røst. Dermed er vedtaket frå Sjøsikkerheitskomiteen i FNs sjøfartsorganisasjon IMO følgt opp i norsk lovverk. Forskrifta inneber at skipstrafikk som medfører fare for forureining, vert flytta lenger ut frå kysten for å styrke sjøsikkerheita og redusere risikoen for akutt forureining i Nord Noreg.

- Eg er glad for at vi no ser det praktiske resultatet av arbeidet vårt med å få etablert seglingsleier langs kysten. Systemet med seglingsleier medverkar til ei betydeleg styrking av sjøsikkerheita i Nord-Noreg. At tiltaket vert godt tatt imot av både næringa og miljøvernorganisasjonar viser at vi har lukkast i arbeidet, seier statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet Vidar Ulriksen.

Alle tankskip og lasteskip på 5000 bruttotonn eller meir som er i internasjonal fart, vert no flytta ut til ca. 30 nautiske mil frå kysten. Auka avstand frå land gir norske styresmakter betre høve til å setje i verk nødvendige tiltak dersom eit fartøy skulle komme i vanskar og ha behov for assistanse. Kystverkets trafikksentral i Vardø vil heile døgnet overvake at trafikken held reglane for seglingsleisystemet.

Det er eit omfattande og grundig arbeid bak opprettinga av seglingsleisystemet. Før forslaget vart oversendt til IMO var det på brei høyring. Det har vore ein tett dialog med fiskerinæringa, reiarlagsnæringa og miljøvernorganisasjonar slik at balansen mellom næringsinteresser og havmiljøet er teken vare på.