Historisk arkiv

Seier ja til Eidfjord Resort i Sysendalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet seier ja til kommunedelplan for Sysendalen i Eidfjord kommune. – Vedtaket inneber at Eidfjord kommune kan gå vidare med planane om å realisere eit attraktivt tilbod i Sysendalen i form av ein moderne alpinlandsby og nye fritidsbustader, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Delar av kommunedelplanen er i konflikt med den regionale planen for Hardangervidda, og utbygging kan påverke omsynet til villreinen negativt. Fylkesmannen i Hordaland (no Vestland) fremma motsegn - grunngjevne i omsyn til villrein, naturmangfald og friluftsliv.

Av omsyn til villrein setter planen difor krav om tiltak for å redusere dei negative verknadene for villreinen. Mellom anna skal toppheisane vere stengt i kalvingstida. Dei konkrete omsyna til villrein og myrområdane ved Drøllstølbekken må innarbeidast i reguleringsplan.

– Dette har vore ei krevjande sak for departementa, kor kommunens behov for heilårs arbeidsplassar kjem i konflikt med omsynet til villreinen. I behandlinga av denne saka har eg lagt avgjerande vekt på å legge til rette for viktig lokal næringsutvikling, samstundes som det blir gjort tiltak for å redusere dei negative verknadene for villreinen, seier Monica Mæland.

Fylkesmannen har òg motsegn fordi risiko- og sårbarheitsanalysen viser at omsynet til trafikktryggleik ikkje er ivareteke. Statens vegvesen har motsegn knytt til forslag til gang- sykkelveg langs ny Riksveg 7.

Departementet stiller krav om at gang- og sykkelveg mellom Fet og Fosslivegen skal vera etablert når talet på fritidsbustader har auka med 100 nye einingar innanfor planområdet. Plassering av gang- og sykkelvegen er godkjend i samsvar med kommunen sitt forslag.

Motsegna frå fylkesmannen i Hordaland er etter dette ikkje tatt til følgje, mens motsegna frå Statens vegvesen er delvis tatt til følgje.

Motsegn - kommunedelplan for Sysendalen, Eidfjord kommune

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00