Historisk arkiv

Sein men god kornhaust

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Den norske kornhausten starta meir enn ein månad seinare enn vanleg, men dei siste vekene har kornet kome strøymande på til kornmottaka rundt om i landet. Den samla produksjonen ser ut til å bli større enn gjennomsnittet for dei siste åra, men det er mykje kveite som ikkje held krava til matkvalitet.

Først godt ut i oktober ser det meste av kornet ut til å ha kome i hus. Med ein så kald sommar trong åkrane lang tid på å modne, og mykje regn i haust gjorde at mange bønder måtte vente med treskinga. Sidan finvêret omsider kom midt i september, har det vore full aktivitet på jordene, og nokre stader kø for å levere kornet. Dei store avlingane, og at alt kom samstundes, har vore ei utfordring for kornmottaka, som mange stader har måtte finne andre lagerløysingar når siloane har vorte fulle. Trass i mykje korn, er det utfordringar med kvaliteten på årets kveite.

Mindre matkveite enn i fjor

Kveiteproduksjonen er venta å passere 430 000 tonn, og av dette er 35 prosent, eller 152 000 tonn, av matkvalitet. Delen matkveite er likevel lågare i år enn i fjor. Dette heng saman med den høge produktiviteten per dekar, som gjer det vanskeleg å få høgt proteinnivå i kornet.

Skurtresker.
Sidan finvêret omsider kom midt i september, har det vore full aktivitet på jordene, og nokre stader kø for å levere kornet. Foto: Torbjørn Tandberg