Historisk arkiv

Seljord er årets nynorskkommune 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Eg vil gratulere Seljord kommune med prisen Årets nynorskkommune 2010, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Eg vil gratulere Seljord kommune med prisen Årets nynorskkommune 2010, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Juryen har vurdert kandidatane grundig. Særskilt vil eg trekkje fram at vinnaren Seljord kommune driv godt språkarbeid for barn. Eg håpar prisen vil styrkje bruken av nynorsk både i Seljord og i andre kommunar i Telemark, seier Navarsete.

Seljord kommune har laga ein plan og eit lokalt verktøy for språkstimulering i barnehagane. Dei har og laga ein plan for lese- og skriveopplæring i grunnskulen. Juryen har også lagt vekt på at kommunen ligg i eit tradisjonelt nynorskfylke, men der nynorsken mange stader likevel er under press.

Prisen Årets nynorskkommune 2010 består av 100 000 kroner og eit bilete av kunstnaren Tuula Lehtinen.

- Seljord skårar høgt både når det gjeld kommunale planar, nynorsk i kulturarbeid og tidleg nynorskinnsats blant barn, seier Navarsete.

Ho deler ut prisen på Stord i samband med den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu fredag 12. november. Stord kommune blei Årets nynorskkommune i fjor.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.