Presseinvitasjon:

Seminar og rapport om forsking og innovasjon til pasientens beste

Fredag 26. mai mottar helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol nasjonal rapport om forskings- og innovasjonsaktiviteten i helseføretaka.

Kvart år utarbeider dei regionale helseføretaka rapporten som ein del av ei årleg melding frå dei regionale helseføretaka. Rapporten blir overlevert til helse- og omsorgsministeren på eit seminar der også eit utval av dei beste prosjekta blir presentert. 

Tidspunkt: Fredag 26. mai klokka 12.00–13.30
Stad: Helse- og omsorgsdepartementet sine lokalar i Teatergata 9

Program for seminaret

  • Velkomen ved helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (5 minuttar)
  • Overrekking av rapporten ved fagdirektør Bjørn Egil Vikse frå Helse Vest regionale helseføretak (5 minuttar)
  • Nasjonale nøkkeltal ved fagdirektør Bjørn Egil Vikse (10 minuttar)

  • Presentasjon av utvalte prosjekt
    • Helse Nord: Innleiing ved forskingsdirektør Tove Klæboe Nilsen (3 minuttar)
      • Ellinor Haukland: «Frå reaktiv til proaktiv oppfølging av kreftpasientar» (12 minuttar) 
    • Helse Midt-Noreg: Innleiing ved fagleg koordinator May Britt Kjelsaas (3 minutter)
      • Lars Adde: «Bruk av kunstig intelligens til å kjenne igjen CP hjå spedbarn» (12 minutter)

    • Helse Sør-Aust: Innleiing ved avdelingsdirektør for forsking og diagnostikk Lars Eikvar (3 minutter)
      • Kjersti Flatmark: «Ny behandling for pasientar med kreft i blindtarmen» (12 minutter)

    • Helse Vest: Innleiing ved fagdirektør Bjørn Egil Vikse (3 minutter)
      • Kjell Arne Johansson: «Då hepatitt C blei utrydda på Vestlandet» (12 minutter)

Pressa er velkomen til å delta, og kan melde si interesse til info@hod.dep.no.