Historisk arkiv

Semje om ny reindriftsavtale

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) og Staten er den 16. februar samde om ny reindriftsavtale for perioden 01.07.2016 - 30.06.2017.

– Eg er glad for at det er semje om ny reindriftsavtale. Avtalen prioriterer tiltak som skal gje auka slakting og omsetjing av reinkjøt. Den gjev grunnlag for ei positiv utvikling og auka inntening for den einskilde reineigar, og legg betre til rette for dei som har reindrift som hovudverksemd, seier landbruks- og matminister Jon George Dale. 

Hovudmålet med reindriftsavtalen for 2016/2017 er å utvikle reindriftsnæringa som ei rasjonell marknadsorientert næring som er berekraftig i eit langsiktig perspektiv. 

Avtalen inneber økonomiske tiltak i reindriftsnæringa på i alt 114,5 millionar kroner. Dette er ein auke på 1,5 millionar kroner i høve til inneverande reindriftsavtale.

Styreleiar i NRL, Ellinor Marita Jåma og  Staten sin forhandlingsleiar Anne Mari Glosli underteikna i dag reindriftsavtalen for 2016-2017.
Styreleiar i NRL, Ellinor Marita Jåma og Staten sin forhandlingsleiar, Anne Mari Glosli underteikna i dag reindriftsavtalen for 2016-2017. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Økologisk og økonomisk berekraftig

I tråd med regjeringsplattforma er det lagt opp til ei prioritering av tiltak som støttar opp om økologisk berekraft. Reindriftsavtalen 2016/2017 vert dreia mot og forsterkar dei ordningane som fører til høgare slaktevolum, og dermed i større grad medfører ei økologisk og økonomisk berekraftig reindriftsnæring.  Ei økologisk og økonomisk berekraftig næring er sjølve grunnlaget og forutsetjinga for ei kulturell berekraftig næring. 

Auka slakting og omsetjing av reinkjøt

Avtalepartane har sett det som viktig at Reindriftsavtalen 2016/2017 særleg prioriterer tiltak som kan føre til auka slakting og omsetjing av reinkjøt.  Kalveslaktetilskotet aukar frå 400 kroner per kalv til 475 kroner per kalv.  Ei stimulering til at ein større del av kjøtproduksjonen føregår på kalv er ressursøkonomisk tenleg.  Uttak av kalv reduserer presset på vinterbeita, og reduserer tapa i løpet av vinteren.  Auka uttak av kalv medverkar også til auka produktivitet fordi tilveksten på kalv er større enn tilveksten på større dyr.