Historisk arkiv

Senter for IKT i utdanninga til Tromsø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa har fastsett at hovudkontoret for Senter for IKT i utdanninga som no blir planlagt, skal plasserast i Tromsø. Det nye senteret skal arbeide for å styrkje kunnskapen om IKT i læringsprosessane og med formidling av denne kunnskapen.

Det nye senteret er ei samanslåing av verksemdene, ITU (Forsknings- og kompetansenettverket for IT i utdanning), Uninett abc og utdanning.no, som alle eksisterer i dag.Ved oppstarten rundt årsskiftet 2009-2010 vil senteret ha mellom 40 og 50 tilsette.

Dette opplyste kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell i dag under eit arrangement i Forskingsparken til Universitetet i Tromsø.

-  Senteret er eit uttrykk for at vi meiner IKT er ein viktig del av utdanningspolitikken. Vi ønskjer at skulane og barnehagane meir effektivt skal nytte IKT for å få til betre læring. Å plassere hovudkontoret i Tromsø inneber at vi ser på nordområda som ein kunnskapsregion.  Tromsø har mange, gode kunnskapsmiljø som vil spele ei viktig rolle for senteret, seier Solhjell.

Hovudoppgåva blir å styrkje kunnskapen om IKT i læringsprosessane og å formidle denne kunnskapen. Vidare vil senteret ha viktige oppgåver innanfor digitale læringsressursar, læringsteknologi, identitetsforvaltning, standardisering og utdannings- og yrkesinformasjon. Det er lagt vekt på at sentret skal gi ei betre utnytting av eksisterande ressursar, og at det skal medverke til å styrkje rettleiingsoppgåvene på dette arbeidsområdet. Målgruppene for sentret  er barnehagane,  grunnskulen, vidaregåande opplæring og lærarutdanninga.

 

 

 

 

Til toppen