Historisk arkiv

Sider frå Noregs frukthage i Hardanger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Asbjørn Børsheim er ein av produsentane som sel alkohol direkte frå garden sin. På garden Hakastad i Ulvik dyrkar Børsheim eigna eple og produserer sider som er godkjent for merkevara "Sider frå Hardanger".

Tillat med direktesal av alkohol frå gard

Frå og med 1. juli 2016 vart det lov for produsentar å selje eigenproduserte produkta med over 4,7 prosent alkohol direkte frå eiga gard.

– Endringane som no vert fremja, vil gjere at bonden kan utnytte ressursane på garden på ein langt betre måte. Det bøndene produserer bør dei også kunne selje direkte frå garden. Det vil gje ei heilskapleg oppleving for turistar og dei som vitjar garden. Vi følgjer her opp Sundvollen-erklæringa, og eg trur endringane gjer grunnlag for nye arbeidsplassar i distrikts-Noreg, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Gunstig dyrkingstilhøve

I Hardanger har dei eit svært godt dyrkingstilhøve med eit gunstig jordsmonn og klima. Den tradisjonsfylte sideren har blitt produsert sidan 1800-talet og bygger på lange tradisjonar og kunnskap om korleis ein lagar sider. Produsentane er opptekne av den tradisjonelle smaken til "Sider frå Hardanger". Det er ikkje slik at alle sidrar smaker likt. Dei varierer i smak ettersom kor søte dei er, bruk av ulike eplesortar og alkoholprosent.