Historisk arkiv

Sikrar Lånekasse-stønad for å studere i utlandet våren 2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa vil leggje til rette for at studentar og elevar kan reise på utveksling til våren. Samstundes er smittesituasjonen i verda slik at det kan hende at det er nokre land ein kanskje ikkje kan dra til allereie i januar. No vil regjeringa syrgje for at lån og stipend blir utbetalt sjølv om utreisa blir utsett.

- Er det ein ting koronapandemien har vist oss, så er det kor viktig det er med internasjonalt samarbeid og dialog på tvers av landegrenser. Vi må gjere alt vi kan for å gi elevar og studentar høve til å bruke heile verda som læringsarena. Derfor vil vi forlenge ordninga med at studentar skal få lån og stipend sjølv om dei ikkje kan starte utlandsstudia fysisk på lærestaden med ein gong, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

Får lån og stipend sjølv om dei er i Noreg

Strenge innreiseforbod kan hindre studentar og elevar frå å reise til studielandet også til våren. Det betyr at mange kanskje må starte semesteret med å bu heime hos foreldra sine.

- Tidlegare har ikkje studentar fått rett til lån og stipend i slike tilfelle. Det fekk dei i haust. No føreslår vi at dei også skal ha rett til dette til våren, seier Asheim.

Det vil også vere høve til å få lån og stipend sjølv om ein ikkje følgjer undervisninga fysisk på lærestaden. Som i haust vil mange studiestader i utlandet truleg tilpasse undervisninga slik at norske studentar kan følgje den digitalt frå Noreg medan dei venter på å få reise. Det kan også vere nokon som planlegg samlingsbasert oppstart, med mogleg normalisering av undervisningssituasjonen etter kvart. Departementet forventar at studentar og elevar reiser til studielandet så snart forholda tillét det.

Forslaga ut på høyring

Forslaga til endringar i utdanningsstønaden til utlandsstudentar krev forskriftsendring og departementet vil legge forslaga ut på ei kort høyring og fastsetje endringane før jul. Dette er for å sikre at endringane trer i kraft før vårsemesteret startar.