Historisk arkiv

Silvija Seres nytt styremedlem i NRK

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet har i dag oppnemnt Silvija Seres som nytt styremedlem i NRK for perioden fram til generalforsamlinga i 2018.

- Seres har omfattande leiarskaps- og styreerfaring frå ulike teknologi- og mediebedrifter. Ho vil styrkje kompetansen i styret på teknologi og nye medier, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Seres erstattar Ellen Inga O. Hætta som har vore styremedlem i NRK dei siste to åra. Dei øvrige sitjande styremedlemmene i NRK-styret er gjenvalt for ein ny toårs-periode.

Styret for NRK for perioden 8. juni og fram til generalforsamling i 2018 er slik:

Birger Magnus, styreleiar
Gunvor Ulstein, nestleiar
Geir Bergkastet
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Silvija Seres

Varamedlem: Cato Hellesjø
Varamedlem: Silje Aspholm Hole