Historisk arkiv

Sju millionar kroner til Kjøpmannsgata i Trondheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet gjev sju millionar kroner til arkeologisk utgraving i Kjøpmannsgata 36 og 38 i Trondheim. Departementet har avgjort klagesak frå Kjøpmannsgata Ung Kunst og avgjort at staten tek ein større del av rekninga.

- Kjøpmannsgata Ung Kunst i Trondheim vil tyda mykje for kulturen i Trondheim. Vi har lagt stor vekt på at Trondheim sjølv bidreg med mykje pengar. Det er viktig at denne møtestaden for unge kunstnarar vert etablert i byen, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Klima- og miljødepartementet har avgjort klage frå Kjøpmannsgata Ung Kunst på vedtaket til Riksantikvaren i saka. Avgjerda inneber at staten tek ein større del av kostnadene til dei arkeologiske utgravingane. Budsjettet for den arkeologiske utgravinga er berekna til om lag 18 millionar kroner. Trondheim kommune har tidlegare bidrege med sju millionar kroner. 

Kulturminneloven seier at staten kan dekka utgiftene heilt eller delvis ved arkeologiske utgravingar. I denne saka er det vurdert at det finst sokalla "særlege grunner". Departementet har lagt vekt på at etableringa av Kjøpmannsgata Ung Kunst har stor samfunnsmessig tyding, og bidrar difor med sju millionar kroner.