Skal forske for miljøvenleg biodrivstoff

Eit nytt forskningssenter ved Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet (NMBU) på Ås skal utvikle ny teknologi for miljøvenleg biodrivstoff.

Norges forskningsråd har løyvd 160 millionar kroner til åtte nye forskningsentra for miljøvenleg energi (FME). Norwegian Centre for Sustainable Bio-based Fuels and Energy Ås (Nor SusBio) er eitt av dei nye forskningssentra. Nor SusBio skal utvikle ny teknologi for miljøvenleg biodrivstoff. Ei av målsettingane til senteret er å oppnå opptil 30 prosent lågare produksjonskostnadar samanlikna med nivået i dag. Biodrivstoff kan bli eit svært viktig bidrag til reduksjon av CO2-utslepp i transportsektoren.

– Vi treng ny kunnskap og teknologiutvikling på energiområdet for å redusere utslepp og sikre langsiktig verdiskaping i Noreg. Nor SusBio står for ei framtidsretta satsing på ny teknologi. Noreg har store skogressursar som kan takast i bruk til framtidsretta produksjon av biodrivstoff. Eg vonar at Nor SusBio vil bidra med teknologiske gjennombrot for gode klimaløysingar, til industriutvikling og nye arbeidsplassar, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Om Norwegian Centre for Sustainable Bio-based Fuels and Energy Ås (Nor SusBio)

Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet er vertsinstitusjon for det nye forskningssenteret.

Senteret har 8 forskningspartnerar: Papir- og fiberinstituttet, Stiftelsen SINTEF, NTNU, Norsk institutt for bioøkonomi, Sintef Energi, Institutt for Energiteknikk, Høgskolen i Telemark.

Senteret har 40 brukarpartnerar: AT Biovarme, Alginor, Avinor, Biokraft, Cambi, Gas&Diesel Power, Ec0-1, Ecopro, EGE Oslo, FTIRscreen, NeoZeo, Nopco, Norwegian Farmers Union, Norse BioTech, NSI Halden, Ragn-Selss, Norges Skogeierforbund, Statkraft, Synsel, UMOE, Zeg Power, ZERO, BTG, Novozymes, Herøya industripark, Johnsson Matthey, LOGO, Perstorp, Pervatech, Steeper Energy, Volvo, Akershus FK, Enova, Hedmark FK, Innovasjon Norge, Oppland FK, Østfold FK, Sør-Trøndelag FK, Telemark FK, Statens Vegvesen. 

Det nye senteret bygger på det eksisterande FME-et CenBio. CenBio har hatt som føremål å vise korleis Noreg effektivt og miljøvenleg kan hauste meir av skogen, utnytte meir avfall for energiformål, lage biobrensel med rett kvalitet, og forbedre virkningsgraden. Saman med mange verksemder har CENBIO gjennom dei siste 8 åra utvikla mykje ny kunnskap, ny teknologi og bidrege med innovasjonar i bioenerginæringane. 

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale vitja i dag eit nytt forskningssenter for miljøvenleg energi på NMBU på Ås. Norwegian Centre for Sustainable Bio-based Fuels and Energy skal forske på miljøvenleg biodrivstoff. Frå venstre: seniorforsker Kai Toven, Papirindustriens Forskningsinstitutt (PFI), divisjonsdirektør Bjørn Håvard Evjen i NIBIO, professor Ed Anders Blekkan ved NTNU, forskningsdirektør Petter E. Røkke ved SINTEF, professor Svein Jarle Horn ved NMBU, rektor Mari Sundli Tveit ved NMBU og landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale vitja i dag eit nytt forskningssenter for miljøvenleg energi på NMBU på Ås. Norwegian Centre for Sustainable Bio-based Fuels and Energy skal forske på miljøvenleg biodrivstoff. Frå venstre: seniorforsker Kai Toven, Papirindustriens Forskningsinstitutt (PFI), divisjonsdirektør Bjørn Håvard Evjen i NIBIO, professor Ed Anders Blekkan ved NTNU, forskningsdirektør Petter E. Røkke ved SINTEF, professor Svein Jarle Horn ved NMBU, rektor Mari Sundli Tveit ved NMBU og landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Åtte nye forskningssenter

Forskningssenter for miljøvenleg energi samlar dei beste norske forskningsmiljøa og næringslivet til eit felles og langsiktig samarbeid om sentrale utfordringar på energi- og klimaområdet. Sentra skal og bidra til innovasjon, næringsutvikling og lønnsomme arbeidsplasser. Norges forskningsråd som forvaltar ordninga, harløyvd 160 millioner kroner til etableringa. Regjeringa styrker satsinga på FME med 40 millionar kroner i 2016. Totalt satsar regjeringa soleis nærare 1,3 milliardar kroner på dei nye sentra. Inkludert midlene fra brukarar, industripartnerar og forsknings-institusjonane, gir dette forskningsinvesteringer på meir enn 2,5 milliardar kroner. Hvert senter kan ha FME-status i inntil åtte år. Dei første FME-ene ble etablert i 2009 og avsluttast i løpet av dei neste månadene. 

Dei åtte nye sentra dekker områda vannkraft, smarte kraftnett, energieffektiv industri, miljøvenleg transport, CO2-handtering, solceller, biodrivstoff og nullutsleppsområde i byene.