Skal gjennomgå varselordningane til Helsetilsynet og Ukom

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Eit nytt utval skal ha full gjennomgang av varselordningane til Helsetilsynet og Ukom. Utvalet skal sjå på korleis ordningane blir praktiserte i dag, og korleis dei blir følgt opp av verksemdene, Helsetilsynet og Ukom, i tillegg til kva konsekvensar dette har for Statsforvaltaren.

- Dette er naudsynt og eg er svært glad for å ha fått på plass eit utval som skal jobbe med dette. Blant anna ynskjer eg å få ei vurdering av kva som er utfordringane med dagens ordning. Det betyr at utvalet skal vurdere om og i kva grad varselordningane fungerer etter formålet, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Første møte i Varselutvalet
Første møte i Varselutvalet Foto: Helse- og omsorgsdepartementet

Skal kome med konkrete forslag til betringar

Media har over lengre tid hatt søkelys på Helsetilsynet si handtering av varselordningane. Blant anna har VG skrive om mangelfull involvering av pasientar og pårørande, og uriktige og unøyaktige opplysningar i varslingsvurderingane.

Utvalet hadde sitt første møte 3. mai. Dei skal sjå om det er behov for endringar, og eventuelt kome med konkrete forslag til tiltak for å betre ordningane. Dei skal også utarbeide forslag til endringar i organisering, roller, ansvar og regelverk dersom dei ser at det trengs. 

Varselutvalet

Utvalet blir leia av Stein A. Ytterdahl og er sett saman av personar som har pasient-, brukar- og pårørandeerfaring, naudsynt helsefagleg kompetanse, kompetanse på pasientsikkerheit, kvalitetsarbeid og varselordningane i helse- og omsorgstenesta. Det er også juridisk kompetanse blant medlemane, særleg innanfor forvaltnings- og helserett.

- Varselordningane involverer mange verksemder, myndigheiter, pasientar og pårørande og eg ser fram til eit viktig evalueringsarbeid. Vi skal finne fram til kva som kan betrast for at ordningane skal gi eit best mogleg bidrag til å styrke sikkerheita og kvaliteten i helse- og omsorgstenesta. Vi skal også sjå korleis ordningane best bidrar til befolkninga si tillit

til helse- og omsorgstenesta og til tilsynet. Tillit, utvikling og læring i desse tenestene som betyr mykje for oss alle, er avgjerande, seier utvalsleiar Stein A. Ytterdahl.

- Dette utvalet meiner eg har riktig og naudsynt kompetanse for å kunne svare på dei problemstillingane som ligg i mandatet. Eg er svært glad for at vi no skal få ei grundig utredning som eg trur vil gi oss eit godt grunnlag i vårt arbeid vidare med å styrke sikkerheita og kvaliteten i helse- og omsorgstenesta, seier Kjerkol.

Les mandatet til Varselutvalet her 

Utvalet består av følgande medlem:

  • Stein A. Ytterdahl, pensjonist, tidlegare statsforvaltar i Agder og tidlegare ordførar i Farsund (leiar)
  • Per Oretorp, FFO (Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon) ved assisterende generalsekretær i Personskadeforbundet LTN
  • Jannicke Bruvik, koordinerande Pasient- og brukarombod 
  • Jan Helge Dale, kommunelege og fastlege i Kinn kommune
  • Tove Hovland, seniorrådgjevar i Tønsberg kommune i avdeling: Kvalitet og internkontroll og tidlegare kommunaldirektør
  • Tonje Elisabeth Hansen, fagsjef på Nordlandssykehuset
  • Jan Petter Odden, fagdirektør ved Lovisenberg Diakonale sykehus
  • Gro Berntsen, professor ved Norwegian Centre for E-health Research 
  • Kristin Cordt-Hansen, ass. direktør i DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap)
  • Charlotta George, sakkynding i pasientsikkerheit ved Socialstyrelsen i Sverige