Historisk arkiv

Skjerpa arbeid mot brot på innkjøpsreglar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Denne veka behandlar Stortinget rapporten frå Rikserevisjonen om korleis det står til når det gjelder etterleving av reglane for statlege innkjøp, skriv fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys i Dagens Næringsliv.

Dagens Næringsliv er ei viktig vaktbikkje i arbeidet med å sørgje for at offentleg sektor følgjer dei reglar som gjeld for statlege innkjøp. Denne veka behandlar Stortinget rapporten frå Rikserevisjonen om korleis det står til når det gjelder etterleving av reglane.

Riksrevisjonen sin rapport frå januar i år var pinleg lesing for mitt departement og for andre departement og underliggjande etatar. Eg har teke fatt i problema i mitt eige departement og har bedt dei andre statsrådane syte for at deira etatar gir reglane større merksemd.

Signala har dei teke på alvor. Alle gjer noko. Det vert gjort forbetringar i retningslinjer og rutinar, tilsette vert sende på kurs, det vert utvikla innkjøpsstrategiar, nye malar og interne kontrollmekanismar og det vert fokusert på innkjøpsreglane i etatsstyringa.

Eg kan ikkje garantere at dette arbeidet er tilstrekkeleg til at det vert heilt slutt på rapportar som avdekkjer feil i statleg sektor. Å sørgje for at innkjøpsreglane vert følgde vert ikkje gjort  éin gong. Det er eit kontinuerleg arbeid.

Brot på innkjøpsregelverket kan ha ulike grunnar, både manglande vilje, manglande kunnskap eller eit komplisert og uoversikteleg regelverk. Manglande kunnskap kan gjelde elementære reglar som kvar innkjøpar burde kjent til, eller liggje på eit høgare nivå. Ulike årsaker må møtast med ulike midlar. Det fyrste vi gjorde var å gjere reglane mindre komplisert. For å bøte på den manglande kunnskapen om reglane, laga vi ut ein stor og god rettleiar som gir brei dekning av det nye og forenkla regelverket.

Eitt anna grep for å redusere talet på brot, er å få offentlege innkjøparar til å handle på same måte som stadig fleire av oss andre, nemleg gjennom elektroniske innkjøp. E-handel gjer openheit og transparens, og ikkje minst vert innkjøpa sette i eit system. Gjennom e-handel kan vi få auka kvalitet i heile innkjøpsprosessen, meir effektive og enklare rutinar som gjer at ein kan nytte mindre tid til administrasjon og at det vert gjort færre feil.

Frå regjeringa vert innkjøpsregelverket no vigd stor merksemd. Eg ventar at kvar einskild statleg verksemd held fokus på innkjøpsreglane framover, slik at vi i framtida unngår avsløringar i DN og pinlege merknader frå Riksrevisjonen.

Til toppen