Historisk arkiv

Skog: Ny skogbrukslov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Skog: Næringskomiteen i Stortinget har no lagt fram si innstilling til lovproposisjonen om ny skogbrukslov. (09.03.2005)

Skog: Ny skogbrukslov

Skog: Næringskomiteen i Stortinget har no lagt fram si innstilling til lovproposisjonen om ny skogbrukslov, jf. Innst.O.nr. 61 (2004-2005) til Ot.prp.nr. 28 (2004-2005) om lov om skogbruk (skogbrukslova).

Næring med fridom under ansvar
Skog. Foto: LMDKomiteen støtter Landbruks- og matdepartementet i at skognæringa framleis skal vere ei næring med fridom under ansvar. Komiteen strekar vidare under skogen sin verdi for næringsutvikling og rekreasjon, og uttrykker bekymring for den låge aktiviteten når det gjeld hogst og oppbygging av ny skog.

Komiteen peikar på at det er behov for ein langsiktig strategi i denne næringa, men at det er ei dagaktuell utfordring å skaffe råstoff frå skogen både til treindustrien og annan industri.

Hogsten i Noreg ligg no på 7-8 millionar kubikkmeter tømmer pr. år. Komiteen meiner det må vere eit mål å auke hogsten til opp mot 10 millionar kubikkmeter pr. år.

Miljøforskrift
Komiteen sluttar seg i hovudsak til innhaldet og utforminga av dei enkelte føresegnene i den nye lova. På nokre punkt er det dissens i komiteen, mellom anna knytt til spørsmålet om å gje heimel til å fastsetje ei miljøforskrift, og til fristen som blir foreslått når det gjeld foryngingsplikta. Ein viser til komiteen sine tilrådingar til slutt i innstillinga.

Innstillinga skal opp til behandling i Stortinget 17. mars 2005.

Til toppen