Skogportalen leverer skreddersydd miljøinformasjon

Enten ein driv næring i skog eller ein forvaltar miljøregelverket, trengs oppdatert og relevant informasjon om tilhøva i skogen. Den nye kartløysinga Skogportalen gir miljøinformasjon frå ulike databaser samla på ein nettstad.

Her er data om ulike naturtypar og artar som finst i skog sortert ut etter gjeldande miljøregelverk. Eit breitt samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet, Artsdatabanken, forvaltning og skognæring har gjort mogleg den nye løysinga som er utvikla av Norsk institutt for bioøkonomi, NIBIO.  

Viktig å vise seg for verda

Skogbruket har gjennom mange år samla statistikk og kunnskap om skog. I Skogportalen blir denne datafangsten knytt til annan relevant miljøinformasjon,  og delt med verda på ein ny måte.

Den nye kartløysinga Skogportalen gir miljøinformasjon frå ulike databaser samla på ein nettstad.
Den nye kartløysinga Skogportalen gir miljøinformasjon frå ulike databaser samla på ein nettstad. Foto: Ove Bergersen/Samfoto