Historisk arkiv

Benjaminprisen 2007:

Skotselv skule heidra for arbeid mot rasisme

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Skotselv skule i Øvre Eiker i Buskerud fekk i dag Benjaminprisen 2007 av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell. Prisen blir delt ut årleg til ein skule som arbeider aktivt mot rasisme og diskriminering. Med prisen følgjer 50 000 kroner og ein miniatyr av bysten av Benjamin Hermansen.

 – Det er viktig at skulane arbeider aktivt mot rasisme. Mangfald og fellesskap skal kjenneteikne den norske skulen, og kunnskap er eit viktig våpen mot rasisme, seier Solhjell.

Skotselv skule utmerkar seg med langsiktig førebyggjande arbeid mot rasisme og diskriminering på ein kreativ og inkluderande måte. I det antirasistiske arbeidet på denne skulen er både elevar, lærarar og leiing, og det er eit nært samarbeid med foreldre og lokalmiljø. – Prisvinnaren er eit svært godt eksempel på at mangfald er ein ressurs alle skular kan ha stort utbytte av.  Eg har spesielt merka meg det gode samarbeidet Skotselv skule har med foreldra og lokalmiljøet, noko som er viktig for å få gode resultat, seier Solhjell.

Prisen har fått namnet etter den 15 år gamle Benjamin Hermansen som døydde i eit rasistisk og nazistisk motivert drap på Holmlia i Oslo 26. januar 2001. Prisen vart delt ut første gongen i 2003.

Til toppen