Historisk arkiv

Skuler og barnehagar skal bli betre til å ta vare på personvernet til barn og unge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Barnehagar, skuler, kommunar og fylkeskommunar behandlar i dag mange opplysningar om barn og ungdom. Det er viktig at rammene for å behandle desse personopplysningane er så gode som mogleg.

Difor ønskjer regjeringa å tydeleggjere kva reglar som gjeld, og kva skolane og barnehagane kan, og ikkje kan, dele av personopplysningar.

Mellom anna er dette viktig i overgangen mellom barnehage og skule, eller frå ein skule til ein anna. Barnehagane og skulane skal kunne dele informasjon når eit barn startar ein ny plass.

– Personvern er ein grunnlovsfesta rett som òg gjeld barn. Forslaga skal bidra til betre kvalitet og større merksemd om behandling av personopplysningar. Tydelegare krav og rammer vil gjere det enklare for foreldre å ivareta rettighetane til barna sine, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

I høyringa foreslår regjeringa endringar i barnehagelova, opplæringslova og friskulelova.

Dette er hovudpunkta:

  • Dei som driv barnehage eller skule, skal kunne behandle personopplysningane dei treng for å oppfylle pliktane dei har overfor barna.
  • Klargjere korleis personopplysningane kan brukast i ulike undersøkingar om læringsmiljø.
  • Regulere når og kva personopplysningar barnehagar, skuler og kommune/fylkeskommune kan dele seg i mellom.
  • Regulere Utdanningsdirektoratet si innsamling, behandling og deling av personopplysningar til bruk i statistikk, analyse og forsking. Mellom anna innhenting av alle vitnemålsopplysningar frå 10. klasse, resultat for alle elevar i vidaregåande opplæring og opplysningar frå nasjonale prøvar og undersøkingar.
  • Lovregulere nasjonal vitnemålsportal som verktøy for opptak i høgare utdanning og til lagring av digitale vitnemål frå friskular, fagskular med vidare.

Fristen for høyringa er 4. januar 2021.