Historisk arkiv

Smågnagarar kan gje landbruket problem

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Smågnagaren vånd grev etter røter nede i jorda. Det kan gje skade på innmarka og skape problem for landbruket. Her er tips frå forskarar om korleis ein kan redusere skadeomfanget.

Vånden likar seg ved bekkar og kanalar med tett vegetasjon langs kantane. Det kan difor vere effektivt å redusere delar av vegetasjonen langs slike kantsonar. I tillegg er det viktig å fjerne ugras på innmarka. Å fornye enga er også eit godt tiltak. Ny eng har ofte mindre skadar enn gammal eng. Årsaka er truleg at den gamle enga har meir ugras. Å auke beitinga kan også hindre at våndbestanden aukar, då beitedyr og vånden konkurrerer om mat. Beitedyra kan ta noko av vegetasjonen som vånden brukar som skjulestad, og til hi og gangar under jorda.

Vånd (Arvicola amphibus)
Vånd (Arvicola amphibus). Foto: Foto: Peter Trimming is licensed under CC BY-SA 2.0/CC Search.

Vånd er utbreidd over store delar av landet, med unntak av høgfjellet. Bestanden varierer frå år til år. Vånden grev etter røter, og gøymer det i eit fôrlager til vinter og vår. Denne aktiviteten kan gje reduserte grasavlingar og ekstrakostnadar til å fornye enga. Vånden sine underjordiske gangar kan også gjere skade på driftsvegar og grøftekantar. Gravinga førte til at drensrør gjekk tett og at grøftekantar raste ned.